Startsiden
Utstillingsliste 2022
Kunstnere
Utstilling
Neste utstilling
Galleribilder
Servicekontoret
Plantegning
Utstillinger 2012
Utstillinger 2013
Utstillinger 2014
Utstillinger 2015
Utstillinger 2016
Utstillinger 2017
Utstillinger 2018
Utstillinger 2019
Utstillinger 2020
Utstillinger 2021
Utstillinger 2022
Kontakt

 


    
5/11 - 20/11 Runaug Venås    CV
Galleri Heers avslutningsutstilling
(Klikk på bildene for større format)

Runaug Venås i Galleri Heer 5/11-20/11 2022

Eg har gjeve denne utstillinga titlen "Jartegn" Ordet jartegn er norrønt og tyder prov
eller forvarsel, ofte synleg som teikn i naturen. Før var slike fenomen mest knytta til
overtru, men i dag kan naturen gje oss reelle signal om kva som er i fer med å skje.
Eg tykkjer det er vanskeleg å oppleve eller prøve å skildre det vakre i naturen utan å
kjenne på ei form for sorg, eit dårleg samvet eller ei ulmande uro.

Bileta mine syner natur i endring. Motiva er imaginære stadar, både abstraherte og
meir tydelege landskap med ei mørk grunnstemning. Eg ynskjer å skape rom
for eigne assosiasjonar og tolkningar hjå tilskodaren.
Bileta er laga på plater og er ei blanding av maleri og teikning. Eg eksperimenterer
med papir, akryl, pastellkritt og kol for å skape taktile strekar, detaljar og
strukturar i flata.
Eg er inspirert av teikneriske spor og mønster som ein kan finne
i naturen, og det er dette "språket" eg ynskjer å nytte i biletutrykket mitt.